OM TIPPA - Tippa

Tippa 11, 6773 Nordfjordeid     +47 485 96425

NO|EN
Gå til innhold
Om Tippa
Gardane på Tippa er geografisk lokalisert i Haugen krins ca. 5 km frå Nordfjordeid sentrum. Nordfjordeid er geografisk lokalisert midt i Nordfjord og er kommunesenter i Stad kommune.

Haugen er eit bygdelag i Stad kommune med 700+ innbyggjare. Landbruk er den største næringa, men ein finn også næringar innan industri, transport, service og turisme. Siste "tilskot" er anlegg for gjenvinning av m.a. bilvrak og skrapmetall og NoMIl gjenbruksstasjon.

Haugen har barneskule, barnehage, idrettsanlegg og i Hjelmelandsdalen finn ein m.a. Harpefossen Skisenter.

Bilde av Tippa og Haugen
Klikk på knappane for meir informasjon om områda Tippa er en del av.
Garden Haugland / Tippa er nok mellom dei eldste i bygda og er nemnd i Bjørgvin kalveskinn ca. 1350. Då låg garden under Kristkyrkja i Bergen. Seinare kom nye eigarar inn, og eigarskapen har skift ofte  opp gjennom soga. Opphavelig har nok husa på Haugland lege i to tun, eitt på kvar side av Sjurslidelva.

Kjelde: Bygdebok for Haugen og Hjelmelandsdalen.
Bakgrunnen for namnet Tippa
Gardsnamnet Tippen/Tippa (som tyder «tuete grasmark», av gno. *Typpvin) er eitt av dei aller eldste gardsnamna i Eid, nemnt i fleire kjelder frå mellomalderen. Tippen var både gards- og slektsnamn i 1000 år.
Alle Tippa-bruka heitte Tippen fram til kring 1900, då brukarane søkte om å skifte til Haugland. Oppsitjarane på Haugland ytra i 2018 ønskje om å nytte det gamle gardsnamnet om vegen gjennom Tippatunet. I 2018 vart namnet derfor endra tilbake til Tippa. (Ref.: Fjordabladet 25. mai 2018).
Bilde av Indre Tippa
Historiske varianter av gardsnamnet Tippa (ref. Ålandsboka)
"Garden heitte før Tippen. Det gn. namnet var vel Typpvin, seinare avstytt til Typpin. I bygdemålet vart det Tippa i nyare tidi samsvar med ljod-overgangane for andre vinnamn, t.d. Leikvin - Løkja, Heggvin - Heggja. Mykje av garden har før vore myr med mange tuver i.
Namnet har vore skreve i Typpinn ikr. 1350, Tipptenn 1520, Topprønn, Toppen, Tappen 1522, Tippen 1548, Thipenn 1563".

for å lese meir om Tippa (Haugland) i Ålandsboka hos Nasjonalbiblioteket.
Diverse kart garden Tippen

Gardsbruka på Tippa
Alle gardsbruka på Tippa starter med gardsnummer 38
Bruksnr.
Kallenamn
Adresse
1KnutaneTippa 19 og 20
2LøvikaneHjalmavegen 4 og Tippa 2
3JakobaneTippa 3
4MattisaneTippa 23
5MartinsaneTippa 3 og 9
6EliasaneTippa 12
7
KaspelaneTippa 11
8JensaneTippa 5
Tippen indre 1860 - G. Tippen 17. juli 1923. Kart over garden Tippen 1880 Kart over heimeutmark gardane 34 - 39
Nokre "gamle" bilder frå Haugland / Tippa
Bilde av Haugland (Tippa) 1923. I bakgrunnen ser vi Seljebakkane og Øvrelid. Tippasetra 1923 Einar og Johannes Haugland 1942 Haugland hausten 1944 Søndagstur 6. oktober 1946. Søndag på Tippasetra - Kaspelselet. Handballtur til Hyen 1950 Bryllup på Tippa 1952 Flyfoto av Tippa 1954 Ove Jan Haugland og Terje Mack 1954 Erna Haugland med barnevakter for Terje Mack og Ove Jan Haugland Johan Løviknes 1959 Selskap for "post Knut" i Tippatunet 29. juli 2005. Johannes og Malfinn Haugland på båtmesse i Florø 30. april 2006 Malfinn og Johannes Haugland søndag 10. august 2008
Tippa
Produkter som har vore dyrka på Tippa og som kan dyrkast i framtida
Footer for nettstedet Tippa
Tippa 11, 6773 Nordfjordeid
+47 485 96425  e-post post@tippa.no  

Tilbake til innholdet